Bjørnefjorden Ressurs- og Kompetansesenter
Fusa vidaregåande skule                 56580900

Allmenne fag

Allmenne fag er fag som språk, realfag eller samfunnsfag som du treng for å få studiekompetanse:  Å ha studiekompetanse vil seia at du er ”kompetent til å studera” og kan dermed søkja opptak til høgskular og universitet. 
Fristen for å søkja høgskular er vanlegvis 15.april.

 

Dersom du ønskjer å melda interesse for kurs / eksamenshjelp,
kan du ringja Fusa vidaregåande skule på 56580900 eller senda ein
e-post.
Påmeldinga er ikkje bindande før me veit kor mange som er interesserte. Det er sett ein maxpris pr. person, og talet på deltakarar vil avgjera kor mange timar me kan få til.

 

Generell studiekompetanse

Dei fleste utdanningane på høgskule /universitet har krav om generell   studiekompetanse, og då du ha eksamen i desse faga: Norsk + Engelsk +  Matematikk + Naturfag + Nyare historie +  Samfunnslære

 

Spesiell studiekompetanse til ingeniørstudium

For å kunna søkja opptak til ingeniørfag på høgskular, må du i tillegg ha fordjuping i Matematikk (2+) 3 MX og Fysikk 2FY.
(I dei nye læreplanar heiter faga (R2+) R3 + 1F)

Eksamen i år?

Oppmelding til eksamen i desember         = 15. sept.
Oppmeldingsfrist for eksamen i mai/juni   = 15. jan.
Oppmelding til eksamen skjer via internett til 
www.privatistweb.no


På Hordaland Fylkeskommune sine sider finn du meir informasjon

Eksamenshjelp ?
Me kan kanskje hjelpa med litt rettleiing eller undervisning.
Ta ein telefon!

 

BJØRK     post@bjorknett.no