Bjørnefjorden Ressurs- og Kompetansesenter
Fusa vidaregåande skule                 56580900

 

Bjørnefjorden Ressurs- og Kompetansesenter 
vart starta i 1997 som eit samarbeid mellom Fusa vidaregåande skule,
Os vidaregåande skule og Os Gymnas. Også Bjørnefjorden Næringsutvikling og Fusa Næringslivslag har vore med i styret frå starten.

 

Frå hausten 2008 ligg ansvaret for drifta på Fusa vidaregåande skule, men me vil framleis samarbeida med dei to andre skulane og næringslivet i regionen.  

 

Fusa vidaregåande skule er offentleg, eigd av Hordaland Fylkeskommune, og all personal- og økonomiforvaltning følgjer fylket sine retningsliner.

 

Kven er me?

Annbjørg  Laupsa er rektor på Fusa og har det overordna ansvaret.

Bjørg Orrebakken Haugland er ny kurskoordinator og tar seg av dagleg drift.

Haldis Gjøen Solvang er øk.konsulent ved skulen og rekneskapsførar for Bjørk.

Mette Holmefjord Olsen er tidlegare dagleg leiar i Bjørk, no konsulent i nye Bjørk.

BJØRK     post@bjorknett.no